Quantcast
Channel: Bula Blogg » Dag Sandvik
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4

X2-festivalen

$
0
0

.
.
.
Nok ein gong var vart X-Creek ein strålande sesongstart for ymse padle-hungrige menn og kvinner. Joar Wæhle var som vanleg X-Creek sjef, og klarte saman med resten av dei frivillige å lage bra stemning i ei iskald sunnmørselv. I år var nemleg ikkje  meterologisk instutt avdeling værbestilling, heilt samarbeidsvillige, og me fekk levert 0 grader, snø og lite vatn. Då vart løpet flytta til den noko avsidesliggande Bygdaelva i Hellesylt, ei elv som er bratt og smal og difor perfekt som alternativ når arrangørane slit med låg vassføring i området. I år var alle litt ekstra på hugget, sidan Julian Stocker hadde klart å jobbe fram ein Noregs Cup i elvepadling med start her på X2.

På start stilte ein akseptabel andel av dei kvassaste padlarane i landet. Mathias Fossum og Julian Stocker kom frå store eventyr i utlandet, medan Martin Vollen, Sondre Bjørnbet, Jørgen Thoresen, Øyvind Festø og Jonny Haugen (for å nevne nokre) kom med litt varierande vintertrening i bagasjen. Difor tenkte eg at dei to førstnevnte ville vere harde å slå denne dagen. Men, det viste seg at 1. omgangen min var sjeldent god og at eg litt seinare, etter andre omgang, litt middag og alternativ disco dancing på Rocken i Volda sentrum, kunne hoppe i bilen med endå ein X2 siger i baggasjen.

Fantastisk moro!


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4